Om oss
Stryn Handel er ein friviljug samarbeidsorganisasjon for handels- og servicebedrifter i Stryn. Stryn Handel har som hovudoppgåve å tilrettelegge og organisere handelsretta marknadsaktivitetar i Stryn. Organisasjonen jobbar også tett opp mot andre næringsorganisasjonar i kommunen samt Stryn Kommune der vi er eit høyringsorgan for handelsretta næringstiltak. Ei av dei store oppgåvene som Stryn Handel har hatt gjennom mange år har vore drift og vedlikehald av julegata. Opning av julegata og julehandelen med organisering av program, marknadsføring og gjennomføring. Vi har også dei siste åra etablert og drifta vår eiga nettside. Dette for at vi skal vere lettare tilgjengeleg og synleg for kundane og medlemmene våre. 

Stryn Handel ynskjer med sitt arbeid å stimulere handels- og serviceverksemdene til nyttig samarbeid som er til beste for kunden. Eit godt samarbeid oss handelsdrivande imellom vil alltid koma kunden til gode og kunden står alltid i fokus hjå oss.

Ynskjer du å bli medlem? Ta kontakt med oss og få informasjon på strynhandel@gmail.com eller du kan melde deg inn her: Klikk her for skjema!
 
Visjon
Vi skal bidra til å skape dei gode handelsopplevingane!

Historie
Stryn Handel vart stifta i 1936 då under namnet Stryn Landhandlerlag. Dengong hadde foreininga medlemmer frå heile Stryn Kommune. Foreininga vart seinare kalla Stryn Handelsstand og var den som etablerte Sommarglade Stryn med stort Karneval. Det var foreininga som stod bak arrangement som julegate og av Strynemessa. I dag tel foreininga om lag 40 medlemmer.

Misjon
Stryn Handel skal vere sentral i arbeidet med å skape god trivsel og miljø for dei som driv Handel og Service i Stryn med hovudvekt på Stryn sentrum. Foreininga skal vere pådrivar og tilretteleggar for kunderetta aktivitetar som er med på å gjere Stryn til eit attraktivt handelssentrum i Nordfjord. Vi skal aktivt vere med på at 
våre kundar skal trivast og kjenna seg velkomen til handelsstaden Stryn og få dei gode handelsopplevingane.

Viktige medlemstiltak og verdiar
Vi er eigar og driftar av Julegata i Stryn.

Vi kan tilrettelegge for kunderetta aktivitetar slik som:
- Underhaldning i gatene, musikk, song, leik, show etc.
- Underhaldning i butikkane, musikk, song, servering
- Handelsretta aktivitetar, moteshow, vareshow, utstillingar, aktivitesdagar etc.

Vi skal vere ein aktiv deltakar når større lokale arrangement vert drege i gang slik som:
- Oktoberfest
- Motorfestival
- Strynemessa
- Dans & Caraven
- Gummibåtfestivalen
- Stryn Street Food Festival
- Sommarglade Stryn
- Stryn Treskifestival
- Visefestivalen

Vi er høyringsinstans i samband med handels- og serviceretta saker overfor Stryn Kommune

Medlemsmøter med godt innhald.

Vi snakkar med våre kollegaer, ikkje om.