Velkommen til Stryn!

Handels- og festivalbygda her i vest!

Handel og Service i Stryn

Stryn Handel er ein frivilleg samarbeidsorganisasjon for handels- og servicebedrifter i Stryn. Stryn Handel har som hovudoppgåve å tilrettelegge og organisere handelsretta marknadsaktivitetar i Stryn. Organisasjonen jobbar også tett opp mot andre næringsorganisasjonar i kommunen samt Stryn Kommune der vi er eit høyringsorgan for handelsretta næringstiltak.

Stryn sentrum har stort utval av butikkar og serveringsstadar, og saman er vi sterke.

Кomande arrangement

Vi skal vere ein aktiv deltakar når større lokale arrangement vert drege i gang slik som

  •  Treskifestival Stryn

  •  Bolig og Fritid Stryn

  •  Visefestival Stryn

  •  Motorfestival Stryn

  •  Gummibåtfestival Stryn

  •  Street Food Festival Stryn

  •  Oktoberfest Stryn

  • Strynemessa
  • Sommarglade Stryn

  •  Blomster i hovedgata i Stryn sentrum i samarbeid med Lions

  Vi har og eigne arrangement

  •  “Heilt på Styr” dagar

  •  Julegrantenning

  •  Julegata i Stryn